Sjukehustilsette med lunsjmarkering:

Stille protest ved Volda sjukehus

«Ring i bjella»-markeringa som starta i Ålesund måndag, har spreidd seg til Volda sjukehus. Torsdag møtte mange tilsette opp for ein stille protest mot sjukehuskutt.

Lunsjmarkering: Velle Kristian Espeland (i midten av bildet) er glad for det store oppmøtet på markeringa ved Volda sjukehus torsdag.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Dette er ein tydeleg protest. Eg er stolt over at så mange mobiliserte og prioriterte å vere med her. Fleire hadde hatt nattevakt og kom inn ekstra for å stille opp, seier Velle Kristian Espeland, som er lege i spesialisering ved medisinsk avdeling.