Utbetringsarbeidet i tunnelane er ferdig

Torsdag blei Godøytunnelen, Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen overlevert frå hovudentreprenør AF Gruppen til Statens vegvesen.

Godøytunnelen: Arbeidet med tunnelane har pågått sidan 2017. No har tunnelane fått oppgradert sikkerheita.  Foto: Statens vegvesen

Overlevering: Torsdag fekk Statens vegvesen offisielt overlevert tunnelane etter utbetringa. Ingar Walbø (t.v.), er byggleiar i Statens vegvesen og Lars Tore Røen er anleggsleiar i AF Anlegg.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Arbeidet som vart starta i november 2017 er no ferdig.

– Arbeidet i Godøytunnelen har gått etter planen. Det meste stod ferdig til påske, og i april og mai var tunnelen stengd med kolonnekøyring i to korte periodar for å rette feil og utføre mindre justeringar, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen i ei pressemelding.

I dei to andre tunnelane har det blitt brukt lengre tid enn det som var planlagd.

– Det har dessverre gått utover trafikantane. Vi beklagar forsinkinga som har vore, og ønsker å rette ei stor takk til alle trafikantane for tolmodet dei har vist – spesielt dei siste månadene.

Oppgradert sikkerheit

Alle tunnelane er no oppgraderte etter tunnelsikkerheitsforskrifta, med nødkiosk eller nødskap kvar 125. meter. Desse har både brannsløkkingsapparat og telefon som går direkte til Vegtrafikksentralen.

– Bruk næraste nødtelefon om det skulle skje noko i tunnelen. På den måten får ein oppretta direkte kontakt med ein av trafikkoperatørane hjå Vegtrafikksentralen, som kan rettleie deg om kva du skal gjere vidare og varsle naudetatane om det er behov for det, seier Birkeland.

Forbetring: Slik såg Godøytunnelen ut før og etter arbeidet med tunnelen.   Foto: Statens vegvesen

No er det òg dekning for DAB-radio, mobilnett og nødnett i tunnelane. Vegtrafikksentralen vil følge med på aktiviteten heile døgnet gjennom fullstendig kameradekning, men vil òg få beskjed automatisk gjennom radarbasert hendingsdeteksjon ved hendingar som brann, røykutvikling, eller bilar som står stille. Vegtrafikksentralen blir varsla og tek kontakt med naudetatane ved behov.

Med varslinga følger det radarbilde som gir nøyaktige posisjonar for hendingar og folk i tunnelen, sjølv om det skulle vere røyk og dårleg sikt. Desse bilda kan delast med naudetatane, kjem det fram i pressemeldinga.

Tunnelane kan stengast med fjernstyrte bommar om det skjer noko. Bommane vert òg stengt dersom eit brannsløkkingsapparat vert fjerna.

Køyrefeltsignal skal dirigere trafikken

I Ellingsøy- og Valderøy-tunnelane er det teke i bruk nye køyrefeltsignal som kan dirigere trafikken. Skulle ein bil få motorhavari, kan signala lede trafikken forbi i eit anna køyrefelt.

Dette skal både redusere talet på stengingar av Ålesundtunnelane, og forbetre trafikkflyten.

– Når køyrefeltsignala er i bruk vil skilt i taket fortelje trafikantane kva for eit køyrefelt som er stengt. Det er viktig å følge desse, samt skilta som varslar om nedsett hastigheit til 50 km/t, seier Birkeland.