< Fryktar konsekvensane av cruise-vedtak - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Strenge miljøkrav i Geirangerfjorden frå 2026

Fryktar konsekvensane av cruise-vedtak

Frå 2026 får berre utsleppsfrie cruiseskip lov til å segle inn til Geiranger. Det vil bety konkurs for Stranda hamnevesen, spår Frank Sve, nestleiar i hamnestyret. Ordførar Jan Ove Tryggestad deler ikkje denne frykta.

Geiranger: Cruiseskip på besøk i Geiranger.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Alle cruiseskip som skal sigle inn Geiranger og Nærøyfjorden frå 2026 skal vere utsleppsfrie. Dette er eit pålegg som eit samla storting har vedteke, for å redusere miljøskadelege utslepp i dei to verdsarvfjordane.