Gjev 50.000 kroner til dei som får barn

Stryn kommune gjer nye grep for å få flere til å busetje seg på bygdene.

Naustbakkane: Silje Skarstein, som var med på å fremje forslaget, er allereie godt etablert i Olden. Men ho håpar vedtaket kan føre til fleire sambygdingar..  Foto: Roy Aron Myklebust / Fjordingen

Nyheter

Tomteprisane på utvalde kommunale tomter blir sett ned. Og dei som får born i løpet av fem år etter innflytting på desse adressene, får 50.000 kroner frå kommunen, melder Fjordingen.

Forslagsstillarar

Det var Silje Skarstein (Sp) som fremma forslaget saman med ordførar Sven Flo (H).

– Eg vart kontakta av ein som var interessert i å busetje seg i Olden. Men han syntest det var dyre tomter, seier Silje Skarstein til avisa.

I fleire bygder

Vedtaket om rimelegare tomter gjeld 11 tomter i byggjefeltet Sagehaugen på Fjelli, 13 tomter i Naustbakkane i Olden, tre tomter på Steinset i Blakset – og ei tomt i Utvik.

Anleggsbidraget skal for desse reduserast med 50 prosent, med unntak av Utvik der heile bidraget fell vekk.