Glad for at «Blue King» kjem i drift

Konsernsjef Gunvor Ulstein er glad for at «Blue King» no kjem ut av opplag og i drift for det nye reiarlaget Sverre Farstad & Co.

Eigarskifte: «Blue King» har fått ny eigar.  Foto: Ulstein Group

Nyheter

Det nye reiarlaget Sverre Farstad & Co har tatt over offshoresupplyfartøyet Blue King frå Ulstein Shipping.

– Vi er svært glade for at denne avtalen no er på plass og vi ser fram til at skipet kjem i drift igjen. Det nye reiarlaget er eit er spanande tilskot til den maritime klynga i regionen, og vi ønskjer dei lykke til framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group i ei pressemelding fredag.

Skipet blei levert frå Ulstein verft i mai 2016 og har aldri vore i arbeid, opplyser informasjonsavdelinga i Ulstein Group til Sunnmørsposten.



Skipet er av designtypen PX 121 frå Ulstein Design & Solutions.

Ulstein har til saman levert 30 design- og utstyrspakkar til typen PX121 til ulike reiarlag, 10 av fartøya er bygde ved Ulstein Verft, ifølgje pressemeldinga.

Ulstein Group vil ikkje seie noko om kva pris skipet er seld for.

Sunnmørsposten har stilt spørsmål om kor vidt skipet har vore eit tapsprosjekt for Ulstein, men informasjonsavdelinga svarer at dei ikkje kan svare på dette.