Nytt år med minus for Ulstein

Ulstein Group hadde i 2018 ei omsetning på 1,89 milliard kroner og eit driftsresultat på -211,6 millionar kroner.

Ulsteinkonsernet: Ulstein Group sitt verft og anlegg i Ulsteinvik.  Foto: Per Eide

Nyheter

Det kjem fram i ei pressemelding frå konsernet fredag ettermiddag.

Underskotet i fjor skuldast mellom anna svak utnytting av kapasiteten i delar av konsernet, store omstillingskostnader og tap på einskilde prosjekt.

– Både Ulstein Group og heile den maritime næringa har vore gjennom omfattande endringar dei siste åra, dette tek tid og krev mykje kapital, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.


Stort underskott for Ulstein-gruppa

Ulstein Group gjekk på eit nytt underskott i fjor.


Betring i høve til året før

Gunvor Ulstein trekkjer likevel fram at tala til konsernet syner ei betring på drifta for 2018 i forhold til 2017

– Men omstillingsprosessen har tatt lang tid og den har vore svært krevjande. Vi har jobba hardt for å posisjonere oss i nye segment og meiner at dette arbeidet vil gi resultat over tid, seier ho og held fram:

– Ordrebøkene er fylt med kontraktar med kundar som vi ikkje kjende før 2015 og kampen om nye kontraktar har vore og er fortsatt svært tøff. Vår evne til å forstå kundane sine behov, vinne kontraktar og gjennomføre prosjekta med lønsemd blir avgjerande for å lukkast framover.

Har arbeid og kontraktar

I pressemeldinga kjem det vidare fram at Ulstein verft har godt med arbeid for tida.

Ved verftet ligg passasjerferja Color Hybrid, verdas største plug-in hybridskip for Color Line, som skal leverast til sommaren.

I dokkhallen ligg det første ekspedisjonscruiseskipet som skal leverast til Lindblad Expeditions/National Geographic. Endå eitt skip er bestilt og ein opsjon på eit tredje ligg føre.

I tillegg har Ulstein Design & Solutions inngått heile fem kontraktar for bygging i Kina med CMHI/SunStone, samt at det ligg inne fem opsjonar.


Ulstein Group:

Ni av ti toppleiarar i «likestillingslandet» Norge er menn. I dette konsernet er derimot halvparten kvinner.

Toppleiarar i norsk næringsliv er stort sett menn. I Ulstein-konsernet er derimot halvparten kvinner.


Offshore vind

Ulstein-konsernet har også levert ei rekkje offshore vind servicefartøy dei siste åra og har framleis eitt i ordreboka.

– Havvind er ein marknad som er venta å auke vesentleg framover, og vi meiner at vi er godt posisjonerte til å ta del i denne veksten. Saman med Lindblad II og kabelleggaren som skal leverast til Nexans i 2021, så meiner vi at utsiktene til å skape resultat framover er gode, seier Ulstein i pressemeldinga.

Hovudtal

Ulstein Group sine hovudtal for 2018 er som følgjer:

Driftsinntekter 2018: 1,89 milliard kroner (2017: 1,1 mrd kr)

Driftsresultat 2018: -211,6 millionar kroner (2017: -326,2 mill. kr)

Ordinært resultat før skatt 2018: -310,8 millionar kroner* (2017: -359,8 mill. kr)

* av dette er 55,7 millionar kroner relatert til ekstraordinære nedskrivingar.