Dette skjedde i natt:

Fekk melding om masseslagsmål

Tre personar blei tekne med til politistasjonen etter eit slagsmål i Ålesund sentrum natt til laurdag.
Nyheter

KLokka 02.31 melder politiet om «masseslagsmål» i Ålesund sentrum.

Ifølgje politiloggen skal det ha vore ein litt uoversiktleg situasjon. Nokre har mindre skader, og tre personar blei tekne med til politistasjonen. Dei som var skadde blei bedne om å oppsøkje legevakta sjølv.

Også klokka 01.05 er det meldt om slagsmål i byen. Tre personar er vist vekk frå Harald Torsvikplass.

Og like før midnatt rykka politiet ut til slagsmål inne på ein butikk i Ålesund sentrum. Ingen av partane vil politimelde saka, men alle involverte blei viste vekk frå sentrum til klokka 08 laurdag morgon.

Politiet i Ålesund fekk også melding om at det blei sent opp naudrakett frå eit naust på Slinningen. Ingen er i naud, melder politiet på Twitter klokka 01.20

I Volda sentrum blei ein rusa og kranglete person i halv to-tida vist vekk frå sentrum fram til klokka 08.

Det er også meldt om eit par trafikkulukker i løpet av natta.

Ved Veddesvingen i Langevåg køyrde ein bil utfor vegen like før klokka eitt natt til laurdag.

I morgontimane laurdag melder Vest politidistrikt om ei utforkøyring på riksveg 15 i Lefdal i Eid kommune. Ein bil har køyrt i grøfta etter det som kan ha vore vassplaning.