Kongeskipet har ankra opp

Kongeskipet «Norge» ankra opp utanfor Godøya laurdag morgon.

Godøya: Kongeskipet har ankra opp ved Godøy laurdag morgon.  Foto: Smp-tipsar

Nyheter

Tidleg laurdag morgon ankra Kongeskipet «Norge» opp utanfor Godøya i Giske.

Dette skjer i samband med at dronning Sonja opnar utstilling på Alnes fyr- og opplevelsessenter søndag, får Sunnmørsposten opplyst frå slottet.

Besøket er ikkje ein del av dronninga sitt offisielle program.

Etter det Sunnmørsposten forstår skal dronninga også sjå på Slinningsbålet laurdag kveld.

Og midt på dag laurdag var kongeskipet observert i området.