Sunnmøring vann storgevinst

Ein mann frå Haram blei 3,4 millionar kroner rikare på laurdag.

Vinnarrekka: Desse tala gjorde fem nordmenn til Lotto-millionærar laurdag.  Foto: Atle Onsrud Jensen, Norsk Tipping

Nyheter

– Nei, eg har ikkje sjekka kupongen min, sa sunnmøringen då Norsk Tipping ringde han.

Da Norsk Tipping sin telefonringar fortalte at mannen hadde sju rette, tok han det med fatning.

– Javel, det var ei overrasking. Ei veldig fin ei, sa mannen ifølgje nettsida til Norsk Tipping.

Mannen vann på ein åtterekkers systemkupong som han leverte på nettet førre søndag. I tillegg til sju rette fekk han også sju andrepremiar (seks rette). Til saman vann mannen over 3,4 millioner kroner.

Fem personar prikka inn sju rette i den ordinære Lotto-trekninga laurdag.