– Dronninga gav inntrykk av at det er stort å stille ut på Alnes

For tre år sidan fekk Dronning Sonja æra av å opne Alnes fyr og opplevelsessenter. Søndag opna hennar eiga utstilling i galleriet.

Keramikk og grafikk: H.M. Dronning Sonja under opninga av utstillinga på Alnes fyr og opplevelsessenter. Ho stiller ut både keramikk og grafiske trykk.  Foto: Sunniva Ullavik Erstad/Kystverket

Nyheter

– Ho gav inntrykk for at det var stort for henne å stille ut her, seier Ørnulf Opdahl.