Bles nytt liv i nynorsk barnelitteratur

Ylva Torildsdotter Tyssing frå Sykkylven er nyslegen barnebokredaktør i SKALD forlag. No gir forlaget ut to nye bøker i ein seriefavoritt.

NYE TILSKOT: Skald forlag har gitt ut to nye bøker i serien om Storemonster og Veslemonster.  Foto: Åsta Urdal

Nyheter

– Eg har heilt sidan eg byrja i Skald vore begeistra for barnebøkene, så å ta over den stafettpinnen er veldig stas, seier ho i ei pressemelding.

Forlaget har i mange år vore eit forlag med føtene godt planta i nynorske litteraturen for både vaksne og born. Blant anna har bøkene om Storemonster og Veslemonster vore elska av både store og små sidan fyrste utgjevinga i 2011.

I juni gav forlaget ut to nye bøker i serien om favorittmonstera til mange born. «Monsterknipe» og «Monsterbesøk». I desse bøkene får dei besøk av eit tredje monster, Raggmonsteret. Dei fleste små vil nok kunne kjenne seg igjen i at det ikkje alltid er like lett å vere tre.

Dei minste lesarane kan også gle seg til neste år. Då vert det full barnebokliste igjen. Tyssing vil helst halde korta tett til brystet ei lita stund til, men ho trur det blir eit spanande år.

– Vi jobbar med ei bok om småkryp til dei minste, røper ho.