Minus for Brunstad:

Stort fall i møbelsalet

Brunstad opplevde stort fall i møbelsalet i fjor og gjekk med 6,6 millionar kroner i underskot. No må dei kutte kostnader.

Bestseljar: Modellen Delta har i fleire år vore ein bestseljar for Brunstad.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Møbelverksemda Brunstad i Sykkylven gjekk frå pluss i 2017 til minusresultat i 2018. Dette skuldast eit stort fall i omsetninga, spesielt i Norge og Sverige, skriv selskapet i årsmeldinga.