Turistar henta med redningshelikopter frå Slogen

To utanlandske turistar gjekk seg fast på fjellet Slogen i Ørsta kommune måndag føremiddag. Dei to vart henta med redningshelikopter utan dramatikk.

Helikopter bidrar i søket etter kvinnen. Foto: Gunnar Lier / NTB scanpix 

Nyheter

Det var klokka 11.30 at Møre og Romsdal politidistrikt fekk melding om at to utanlandske turistar bad om hjelp til å komme seg ned frå det populære fjellet Slogen. Dei to hadde gått seg fast, og kom seg korkje opp eller ned. Det enda med at dei vart henta med redningshelikopter frå Florø.