< Avduka måleri av krigsseglar - smp.no/nyheter – Nyheter fra Ålesund, Sunnmøre og Nordvestlandet.

Avduka måleri av krigsseglar

Ingvald Wahl-portrett på veggen på Valldal Fjordhotell.

Valldal: Avduking av måleri av Ingvald Wahl ved Valldal Fjordhotell. Frå venstre Hallvard Eide, John Sjong, Per Sævik, Steinar Engeset , Arne Sandnes, Jofrid Berg og Erik Berg.  Foto: Privat

Nyheter

Nordlendingen Ingvald Wahl var 14 år då han drog til sjøs. Fem år seinare braut krigen ut. Ingvald vart krigsseglar, først på skip over Atlanterhavet, så til Murmansk.

Bok av Jon Michelet

Ingvald Wahl døydde i fjor, men historia hans er teken vare på i Jon Michelet si bok "Den siste krigsseileren, Ingvald Walhs historie" frå 2007.

Sist torsdag vart dei norske krigsveteranane, og krigsseglarane spesielt, heidra ved at det vart avduka eit måleri av Ingvald Wahl på Valldal Fjordhotell, i bygda der krigsveteranen Martin Linge levde sine første barneår.

Måleriet er laga av Ross Kolby, og finansiert av fem privatpersonar.

Hadde mareritt

I eit intervju med Forsvarets Forum for nokre år sidan fortalde Ingvald Wahl at han aldri klarte å legge krigsopplevingane bak seg, at han var plaga med mareritt om natta etter mange store påkjenningar på havet.

For mange av krigsseglarane vart påkjenninga for stor. For sin egen del tok det mange år før Wahl klarte å snakke om det han hadde opplevd.