Bygdepride omtala i amerikansk avis

Dokumentaren om Norges første pridefestival på bygda er utvald hos «The Atlantic Selects», der korte dokumentarar blir vist fram.

Til USA: Historia om den første prideparaden på den norske landsbygda blir no fortald til amerikanske sjåarar hos den amerikanske avisa «The Atlantic».  Foto: Arkiv

Nyheter

Aftenposten sin minidokumentar «Bygdehomo» frå det første Bygdepride i Ørsta og Volda blir no tilgjengeleg på den andre sida av Atlanterhavet. Det er den amerikanske avisa «The Atlantic» som har vald den ut til minidokumentarprogrammet sitt, «The Atlantic Selects», med den engelske tittelen «When Pride Came to Town», eller «Når Pride kom til bygda» på norsk.

I artikkelen som står saman med sjølve dokumentaren, blir det fortalt om historia til Bygdepride, og korleis det var for arrangør Anbjørn Steinholm Frislid å komme ut av skapet som homofil på bygda i Norge. Det blir og fortalt litt om sjølve arbeidet med dokumentaren, som at det ville ha vore enkelt å berre vise motsetningane mellom arrangørane av Bygdepride og dei religiøse som var mot feiringa, men at skaparane av dokumentaren òg ville få fram nyansane i det heile, som at der òg var kristne som støtta opp om og var med på feiringa.

Filmen følgjer i hovudsak den fråflytta voldingen Bjørn-Tore Berge, som endeleg fekk feire kjærleiken i heimbygda si etter å ha flytta til Oslo i ung alder for å søke aksept hos det skeive miljøet der.

Dokumentarfilmen har tidlegare vunne pris for beste kortdokumentar under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda.