Mann frå Møre og Romsdal antatt omkomen

Nyheter

(Møre-Nytt) Natt til laurdag vart det sett i gang ein storstilt redningsaksjon etter at ein mann fall over bord frå passasjerferja MS Stavangerfjord. Hendinga skjedde elleve nautiske mil utanfor kysten av Mandal. Agder politidistrikt stadfester at mannen, 18 år, er frå Møre og Romsdal. Han er ikkje funnen. Søket er avslutta og han er antatt omkomen.

Politiet har gjort fleire undersøkingar i løpet av helga og etterforskinga er i ferd med å avsluttast.

Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.