Sævik trur utlendingar kjøper seg opp i Fjord 1

Ein institusjonell investor har kjøpt 3.150.000 aksjar i Fjord 1, som er omtrent 3,1 prosent av aksjene i selskapet. Per Sævik reknar med at det er snakk om ein utanlandsk aktør.

Kjøpes opp: Per Sævik meiner dagens aksjekurser er interessante.  Foto: Siv-Elin Nærø

Nyheter

Det skriv nettstaden nett.no. (krev abonnement).

– Det var betydeleg interesse frå utanlandske finansaktørar rundt Norled. Det er ikkje urimeleg at nokon av dei som ikkje nådde opp der ser at dagens aksjekurs i Fjord1 er interessant, seier Sævik til nettstaden.

Sævik, styremedlem Fjord 1 og representant for hovudeigar Havilafjord som sit på 51,5 prosent av aksjane, seier at det ikkje har seld og legg til at det er hyggeleg at større investorar har interesse i selskapet.