Gurskenkonferansen 2019:

Fjørtoft samla bygda

Med ein idé om ein næringskonferanse der verdiskapinga skjer, trakk Jan Åge Fjørtoft ein fullsett gymsal til den første Gurskenkonferansen.

Lagbilde: Arrangør Jan Åge Fjørtoft saman med talarane Rune Garborg, Sylvi Listhaug, Kristin Sætevik og Ole Robert Reitan.  Foto: Even Ørjasæter

Nyheter

– Oslo er ikkje så viktig for oss her på Sunnmøre. Vi tek ideane våre og sender dei rett til sjøs, innleia den tidlegare fotballspelaren Jan Åge Fjørtoft då den første Gurskenkonferansen vart arrangert onsdag. Med namn som Ole Robert Reitan frå Rema 1000, Rune Garborg frå Vipps, Kristin Sætevik frå Finn og eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) var det ein fullsett gymsal på Gursken oppvekstsenter.