Havforskningsinstituttet rapporterer:

24 lus per sjøaure i Nordfjord

Det er undersøkt laks i mellom anna Romsdalsfjorden og Nordfjord. Smittepresset på både villaks og sjøaure er høgt.

Skrekkscenario: I gjennomsnitt er ikkje situasjonen så ille som med laksen på bildet. Men det vert rapportert om meir lus enn i fjor, i vår region.  Foto: Jørn Helge Egset

Nyheter

Medan det no er relativt lite lus på laks og sjøaure i Hardangerfjorden, er situasjonen verre i Nordfjord og Romsdalsfjorden.

Havforskingsinstituttet (HI) har undersøkt villaksen og sjøaure langs kysten frå Sørlandet til Romsdal.

For Romsdalsfjorden sin del, beskriv HI at smittepresset er moderat til høgt. Her vart det observert betydeleg meir lus enn i fjor.


Lakselus
  • Parasitterer på fisk ved å ete slim, hud og blod
  • Hannane vert opp til 5 millimeter lange, hunnene 10 millimeter.
  • Er ein art i gruppa hoppekrips
  • Trivst ikkje i ferskvatn
  • I oppdrettsanlegg har lakselusa vorte forsøkt bekjempa med kjemikalier, medisinering, varmt vatn og leppefisk

For første gong i denne samanhengen gjorde HI også undersøkingar i Nordfjord. Kvar tredje laks hadde lus. Av desse låg snittet på tre lus per laks. HI beskriv presset som høgt her, både på utvandrande laks og beitande sjøaure.


Emblemselva råka av mystisk laksesjukdom

Myndigheitene undersøkjer om funn av sjuk laks i Emblemselva har samanheng med andre sjukdomsutbrot i landet.


Nesten all sjøauren som vart fanga i Nordfjord hadde lus – i snitt over 24 lus per fisk.

Aure: Sjøaure med lakselus.  Foto: Knut Arne Aarset, Arkiv