Jon Georg Dale

– Meir fleksible rabattordningar på ferjene

Samferdselsminister Jon Georg Dale tek grep, og vil endre på AutoPass-ordninga.

  Foto: Rune Sæbønes

Nyheter

(Møre-Nytt) – Regjeringa ønskjer å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. Ved overgangen til AutoPASS-ferjekort frå januar i år opplevde mange at dei har mista gode rabattordningar. Det har aldri vore meininga. Derfor bed eg no Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med AutoPASS-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.