Fengsel for aktlaus køyring med varebil

Med promille og utan førarkort, nekta føraren av varebilen å stoppe for politikontroll.
Nyheter

Mannen i 30-åra har aldri hatt førarkort, men er dømd for promillekøyring eit par gongar før.

No har Søre Sunnmøre tingrett dømt han til fengsel i 60 dagar etter ein køyretur med minst 1,37 i promille ei julinatt i fjor. Analysar har slått fast at han mest sannsynleg hadde 1,8 i promille under køyreturen.

Mannen er også dømd til å betale 39.000 kroner i bot.

Ifølgje dommen køyrde mannen ein varebil frå Ulsteinvik til Volda. I periodar køyrde han over fartsgrensa. Han skal ha akselerert fort i eit kryss slik at bilen fekk sleng og kom over i motgåande køyrefelt. Han skal også ha køyrt over dobbelt sperrefelt i Rotsethorntunellen.

Han utsette dermed seg sjølv og andre i trafikken for fare.

Trass i at politiet brukte blålys, stoppa ikkje mannen for politikontroll.

Retten meiner mannen har vist manglande respekt for vegtrafikklova over tid.

Mannen har aldri hatt førarkort, men er dømd for promillekøyring eit par gongar før. No har retten gitt han sperrefrist på førarkortet for alltid.