Vy Buss AS tildelt busskontrakt

2. juli tildelte Møre og Romsdal fylkeskommune Vy Buss AS kontrakten for rute- og skolekøyringar i Ålesund, Giske, Sula og Skodje kommunar.

ELEKTRISKE BUSSAR: Eit krav i kontrakta er at operatør Vy Buss AS skal ha minst ti elektriske bussar.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Kontrakten inneheld ca. 3,4 mill. rutekilometer årleg. Den har ein verdi i underkant av 1,2 mrd. kroner over 9,5 år, seier seksjonsleiar Stig Helle-Tautra i ei pressemelding.

Kontrakt til 2030

Det var fem tilbydarar som leverte inn tilbod i konkurransen; Boreal Buss AS, Nobina Norge AS, Tide Buss AS, Trønderbilene AS og Vy Buss AS. Sistnemnde var tilbydaren med den lågaste prisen, og blei dermed tildelt kontrakten som vil gjelde frå 1. januar 2021 til 30. juni 2030. Flybussen i Ålesund er ikkje ein del av denne kontrakten. Avtalen vil bli signert etter at klagefristen har gått ut.

I den nye kontrakten er det krav om at operatøren skal ha minst ti elektriske bussar som saman skal køyre minst 750.000 kilometer årleg. Det er óg krav om at køyretøya med diesel skal følge Euro 6-nivåa med tanke på utslepp. Kontrakten er bygd opp av ei rekke minimumskrav, og konkurransen er dermed evaluert etter pris. Miljøkrava er ikkje evaluert, men er sikra gjennom minstekrava som er sett.

Bussane blir utstyrte med ny teknologi og nye IKT-løysingar. Mellom anna vil bybussane få signalprioritering opp mot lyskryss slik at bussen raskare kan få grønt lys. Det vil óg bli installert automatiske passasjerteljarar, slik at det blir mogleg å få statistikk på kvar kundane går av bussen. Det vil bli óg bli enklare å planlegge kvar og når det må settast inn ekstra kapasitet på bussane.

Styrkar kollektivtilbodet

I Ålesund får hovudrutene fleire avgangar som gir fleire val for dei kollektivreisande. Tre leddbussar skal bli brukt for å auke kapasiteten. I tillegg er rutetilbodet mellom Langevåg-Moa og Valderøya-Ålesund sentrum styrka. Fokuset er også sterkt på å levere hyppige avgangar på aksen mellom Moa-Campus (NTNU)-Ålesund sentrum.

– Det er viktig for oss å styrke kollektivtilbodet i Ålesund. Vi har sidan 2013 hatt ein vekst på 10,2 prosent i talet bussreisande i dette området. Vi ser fram til framleis utvikling av kollektivtilbodet i Ålesund i samarbeid med andre aktørar, seier Helle-Tautra.