Nytt rekordår for Alexandra:

– Viss nokon trur vi blir rike, så er det feil. Vi investerer alt i framtidig aktivitet

Alexandra-konsernet i Loen held fram med å vekse. I fjor omsette konsernet for rekordhøge 230 millionar kroner.

Reiselivsmotor: Hotel Alexandra er ein motor for reiselivsutviklinga i Loen og i indre Nordfjord. Arkiv   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Richard Grov er ikkje oppteken av rekordar. Han er oppteken av utvikling og at reiselivsproduktet i Loen skal bli stadig betre.