Motorsyklist køyrde av vegen

Nyheter

Klokka 11.20 melde politiet i ei Twittermelding at ein motorsykkel har køyrd av vegen på Kalvatn i Volda.

Klokka 11.50 er politiet framme på Osdalsvegen og operasjonsleiar Thomas Holte fortel at førar er oppegåande.

– Førar klagar over smerter i skulder/kragebein-regionen, men framstår oppegåande, seier han. Det er ingen trafikale problem på staden, og Holte fortel at dei ikkje førebels veit årsaka til uhellet.

Ein halv time seinare opplyser politiet på Twitter at førar blir frakta til sjukehus for undersøking og behandling. Politiet opprettar sak på hendinga.