Volda-firma i nasjonal finale:

Vann pris for god integrering

A. Våge AS i Volda vann den regionale kåringa av Mangfaldsprisen og går vidare til nasjonal finale.
Nyheter

Mangfaldsprisen er staten si utmerking for framifrå bruk av innvandrar sin kompetanse i arbeidslivet.

I år fekk juryen i Trøndelag og Møre og Romsdal inn 38 forslag til kandidatar. Og no er det klart at bygg – og anleggsentreprenørfirmaet A. Våge AS i Volda vann prisen i kategorien for små verksemder.

– A. Våge AS er opptatt av at dei har og tar eit samfunnsansvar og ønskjer å bruke sine gode erfaringar til å inspirere andre bedrifter i lokalsamfunnet til å opne opp for å gi ikkje-etnisk norske ei moglegheit, seier Rune S. Foss som er juryleiar og regiondirektør i IMDi Midt-Norge.

I pressemeldinga som er sendt ut går det fram at nær halvparten av dei tilsette i A. Våge har innvandrarbakgrunn. Bedrifta tek også inn flyktningar i arbeidspraksis og brukar det som ein rekrutteringsarena.

I kategorien for mellomstore/store verksemder vann NRS AS i Trondheim, som jobbar innan reinhald, kantinedrift og logistikktenester.

Begge går vidare til nasjonal prisutdeling i september.