Meldt for å gje feil personalia til politiet

Nyheter

Ein mann har blitt meldt til politiet etter at han gav feil personalia til ein patrulje i Flusund på Bergsøya i Herøy kommune, melde Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter klokka 4 onsdag morgon. Dette skjedde då politiet kontrollerte ein del personar knytta til ein bil som sto parkert i vegbana. Bilen har no blitt flytta og er parkert i vegkanten.