Sunnmøringar i Norsk Målungdom sitt styre:

– Eg gler meg til å jobbe for språket mitt

Kristoffer Myklebust Egset og Håkon Remøy byrja måndag denne veka med arbeidet for nynorsken i Norsk Målungdom.

STYREMEDLEM: Håkon Remøy og Kristoffer Myklebust Egset sit no i Norsk Målungdom sitt sentralstyre.  Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne

Nyheter

Norsk Målungdom er ein landsdekkjande ungdomsorganisasjons som jobbar for nynorsk, dialektar og språkmangfald. Organisasjonen arbeider for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, for å take vare på det språklege mangfaldet og å styrkje dei språklege rettane. Målungdomen har rundt 1500 medlemar, og har lokallag over heile landet.