Passasjerrekord for Vigra i juni

Ålesund lufthavn Vigra har slått ein fem år gammal rekord i tal reisande over flyplassen.

Rekord: Vigra har hatt auke i trafikken i juni, og slått sin gamle rekord for talreisande på ein månad.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

112.031 passasjerar reiste til og frå Vigra i juni. Den nye rekorden slår rekorden på 107.983 reisande i juni 2014, vert det opplyst i ei pressemelding frå Ålesund lufthamn, Vigra. Den gamle rekorden vart dermed slått med 4048 reisande.

Vigra hadde i juni 4,1 prosent auke i passasjertalet i forhold til same månad i fjor. Den største veksten kjem frå innlandstrafikken, som auka med 5,9 prosent, medan utanlandstrafikken auka med 0,4 prosent.


Ny rekord i antall reisende i 2018:

Passasjertalla på Vigra gikk til himmels

Tidenes høyeste antall reisende fra Vigra i 2018. Flyplassjef Tor Hånde tror på ytterligere vekst i 2019.


Det er reiser Oslo-rutene som har auka mest innlands, men det har òg vore auke i reiser til og frå Bergen. I utanlandsreiser er det Amsterdam som har hatt størst auke.

I fjor sette Vigra rekord med 1.120.639 reisande gjennom året. Flyplassen slo også den gong ein rekord frå 2014, og flyplassjef Tor Hånde uttalte at han hadde tru på meir vekst i 2019.

Så langt i år har talet reisande over Vigra hatt ei auke på 3,1 prosent, med 4,3 prosent auke innlands og 0,7 prosent auke i utanlandstrafikk.


No kan du fly direkte til København

Søndag 30. juni gjekk første direkteflyet frå Vigra til København for sommaren.



Trafikkauke på Vigra i mai

Streik førte til nedgang i trafikken på landsbasis, men Vigra hadde auke.