Stort frammøte under opninga av Kråkvika Park

I strålande sommarvêr vart Kråkvika Park opna onsdag ettermiddag. Dette er blitt eit populært og nært turmål for folk i Vestnes.
Nyheter

(Romsdals Budstikke): Området ligg vakkert til like ved Flatevågen berre ti minutts spasertur frå Vestnes sentrum. For eit par veker sidan vart det lagt 1,7 dekar naturgras på området. I tillegg er det laga til bane for boccia og hesteskokasting og plass til å spele både badminton og basketball.