To arrestert etter valdssak

To personar er arrestert i samband med ei valdssak i Ørsta søndag morgon. No etterlyser politiet vitne til valdshandlinga.

  Foto: Schrøder, Tor Erik

Nyheter

Det opplyser Møre og Romsdal politidistrikt om på twitter søndag kveld. Episoden skal ha skjedd i Hovdebygda, i området Indrehovdevegen opplyser operasjonsleiar Arild Reite i polititet.

- Episoden har skjedd ein eller annan gong før halv ti søndag morgon, seier Reite til Sunnmørsposten.

- To personar skal ha utøvd vald mot ein tredje person, og det har skjedd utandørs. Det kan vere snakk om brot i ein fot, og fornærma har vore til behandling, seier Reite.

Politiet er no ute etter å få kontakt med vitne til valdshandlinga. Ein bil skal ha passert under valdshandlinga, og då stoppa valden. Bilen køyrde vidare, og politiet vil no kome i kontakt med bilføraren eller andre som kan ha sett noko.

Begge gjerningspersonane er arrestert, og vil bli avhøyrd av politiet. Fornærma er allereie avhøyrd. Den eine gjerningspersonen var ført arrestert av politiet i samband med ein annan episode. Alle dei tre involverte har vore i kontakt med politiet tidlegare, seier Reite.