Dårleg vintervær ga lite besøk

Arena Overøye må låne enda meir av Stordal kommune

Etter ein trøblete vintersesong med lite snø, dårleg vêr og reduserte inntekter, har driftsselskapet Arena Overøye sett seg nøydd til å be Stordal kommune om økonomisk hjelp i form av eit nytt lån.

Vinteren som var: Vintersesongen 2018/2019 viste seg å bli ein av dei dårlege. Biletet er frå 2013, då lite snøfall gav sein sesongstart ved fleire skianlegg på Sunnmøre, som her på Arena Overøye i Stordal. Arkivfoto.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Arena Overøye har gjeld til Stordal kommune frå før av, etter å ha fått innvilga eit lån på ein million kroner i september 2017. Lånet skulle nedbetalast over tre år, men det har ikkje vore betalt avdrag på lånet sidan sommaren 2018. Saldoen på det gamle lånet er no på rundt 764.000 kroner.