Geiranger:

Buss stod fast på tvers av vegen

Viktor Mauren Rekdal hadde kome seg forbi bussen og sto på vegen lengre oppe. Då kunne han telje minst fire bussar i kø eine vegen og to- tre andre vegen.   Foto: Viktor Mauren Rekdal

Det blei fort kaos då bussen fekk problem, ifølgje tipsar Viktor Mauren Rekdal.  Foto: Viktor Mauren Rekdal

Nyheter

Oppdatering: Like før klokka 14 melder politiet at bussen er fjerna, og det er normal ferdsel igjen.

Ein buss skal stå fast på tvers av vegen like ved Geiranger kyrkje. Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei Twittermelding like før klokka 11.00 onsdag. Grunnen kan vere at ein aksling er øydelagt.

I meldinga åtvarar politiet om at det kan bli trafikale problem på staden om fleire større køyretøy kjem til staden. Politiet er på veg.

Viktor Mauren Rekdal var på staden då bussen fekk problem. Han fortel til Sunnmørsposten at det var totalt kaos då bussen stoppa.

– Det var turistar som prøvde å køyre forbi kvarandre og det var totalt kaos. No ser det ut til at eine køyrefeltet er fritt slik at personbilar kjem seg forbi i retning oppover mot Hotell Utsikten. Men bussane kjem seg ikkje forbi og slik eg kan sjå no kjem personbilane seg berre forbi oppover, seier Rekdal, som sjølv har kome seg litt unna det verste når Sunnmørsposten pratar med han.

– Det er ganske lange køar på staden, seier han.

Klokka 11.45 melder politiet at dei er på staden. Dei stadfestar at det er ein del kø og politiet jobbar no med dirigering av trafikk fram til bussen er fjerna.

- Vi ventar framleis på bergingsbil frå Stryn, fortel operasjonsleiar Sindre Molnes til Sunnmørsposten i halv totida.