Hovdebygda:

Mista førarkortet etter å ha køyrt inn i rekkverk

Nyheter

Like etter klokka 23.00 natt til onsdag rykka naudetatane ut til Hovdebakken på E39 i Hovdebygda etter melding om ein person som hadde køyrt inn i eit rekkverk.

Då naudetatane kom på staden blei det konstatert at den kvinnelege føraren i 70-åra kom uskadd frå hendinga. Bilen hadde fått materielle skader.

I samanheng med hendinga fortel operasjonsleiar Sindre Molnes at førarkortet til kvinna blei konfiskert med grunn i Vegtrafikklovens paragraf 3, som omhandlar å ferdast aktsamt og med omsyn i trafikken.

Det skal ikkje ha vore mistanke om køyring i rusa tilstand. Politiet etterforskar hendinga.