Jørn Hilme-stemnet:

Volding vann juniorklassen i fele

Åsmund Farstad frå Volda kunne juble for høgast poengsum og siger i Valdres sist veke.

VANN: Farstad deltok både med fele og hardingfele, og gjekk til topps i junoirklassen med fele.  Foto: Pressefoto.

Nyheter

Voldingen vann juniorklassen i fele under folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet, som vart avslutta søndag sist veke. Farstad deltok både med fele og hardingfele, og fekk til slutt høgast poengsum med vanleg fele, kjem det fram i ei pressemelding.

Jørn Hilme-stemnet, som går føre seg på Fagernes i Valdres, dreg mykje tilreisande publikum. I år kunne festivalsjef Ellen Persvold rekne med 9800 besøkjande på arrangementa. Dette på grunn av dei populære kursa i folkemusikk og dans, ifølgje meldinga. Åsmund Farstad var i år deltakar på fordjupingskurset i hardingfele.

På ungdomskurset «Strunkeveko», som går over fem dagar, møtast ungdom frå store delar av landet for å utvikle seg innan spel og dans, og for å knyte band til andre med same interesse. Mellom dei mest populære postane var framføringa av eigenproduserte På Pynté, fjellkonserten med Jonas Fjeld og Kvarts og sommarkveldane med dans og intimkonsertar på Valdres Folkemuseum.