Hareid Group hadde omsetningsrekord, men gjekk med tap

Konstituert konsernsjef: Øyvind Halkjelsvik seier at dei jobbar hardt for å igjen skape lønsemd.  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL

Nyheter

Hareid Group omsette for 1,16 milliardar kroner totalt, men gjekk 39 millionar i minus etter skatt ved utgangen av 2018. Krevjande prosjekt i den maritime verksemda skal vere årsaka. Det skriv Hareid Group i ei pressemelding.

– Det er framleis vanskelege tider i den maritime marknaden med sterkt prispress og kompliserte prosjekt mot nye fartøysegment og kundar. Både prosjekta vi har i utlandet og her heime har vore krevjande og meir komplekse enn venta, seier konstituert konsernsjef Øyvind Halkjelsvik i meldinga.

– Vi jobbar hardt for å igjen skape lønsemd i skipsinstallasjonsaktiviteten, samstundes som vi har god breidde i konsernet og verksemda innan landbasert installasjon og varehandel skaper gode resultat. Saman med den kompetansen og erfaringa vi har i organisasjonen, gjev dette oss eit godt fundament for vegen vidare, seier Halkjelsvik vidare.

Hareid Group består av tretten heil- og delåtte selskap og konsernet har 680 tilsette.