Røykutvikling i Tomrefjord under kontroll

Nyheter

Møre og Romsdal 110-sentral melder på Twitter fredag kveld at det har komme melding om røykutvikling frå skogen opp mot Vikaksla i Tomrefjord. Vestnes brannvesen har rykka ut med to stasjonar. 110-sentralen skriv vidare at det er torevêr i området.

Brannsjef Frank Skorgenes ved Vestnes brannvesen fortel til Romsdals budstikke at dei har kontroll på situasjonen.