Rullestolbrukaren Anders skulle parkere på Dalsnibba, men på handikapplassen sto det ein konteinar

Konteinar: Slik såg det ut på den oppmerkte handikapplassen på Dalsnibba då Anders Nupen Hansen var der torsdag.  Foto: Privat

Nyheter

Det var torsdag at Anders Nupen Hansen og familien skulle sjå seg rundt i Geiranger og mellom anna ta turen innom Dalsnibba. Anders, som er rullestolbrukar og leiar for Landsforeninga for ryggmargskadde i Norge, er avhengig av ein stor parkeringsplass for å komme seg inn og ut av bilen. Men på veg opp såg han at det var plassert ein konteinar på den oppmerkte handikapplassen.