Slik vil dei berge villaksen:

– Det er no eller aldri for lakseelvane på Sunnmøre

Etter ein sørgeleg laksesesong meiner Lakseelvane på Sunnmøre det er på høg tid å få meir kultivering i elvane.

Vil ha kultivering: Lakseelvane på Sunnmøre meiner det er på høg tid å få kultivering til dei to største lakseelvane i regionen, Stordalselva og Valldøla. Frå venstre: Stein Kristian Valldal, styreleiar Valldal eleveeigarlag og styremedlem Lakseelvane på Sunnmøre, Egil Henden, styremedlem Stordal elveeigarlag, Jarle Hove, leiar Stordal elveeigarlag og Ole Jørgen Sve, leiar for Lakseelvane på Sunnmøre og Stranda elveeigarlag.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi har eit særskild ansvar for å ta vare på den nordatlantiske villaksen. Skal vi klare å gjere det må vi ha kultivering i elvane og det no, seier Ole Jørgen Sve til Sunnmørsposten. Han er leiar for Lakseelvane på Sunnmøre, ein felles interesseorganisasjon for elveeigarlaga i regionen og meiner at laksebestanden i elvane no har gått så langt ned at ein må kultivere for å redde elvane.