Kolliderte i leigebil:

Agnetha frå Ålesund får ikkje forlate Tyrkia

25-åringen måtte tilbringe ei natt i fengsel. Etter å først ha sagt nei, har forsikringsselskapet Gjensidige no gått med på å gi støtte til advokathjelp.

Held på humøret: – Vi held motet oppe, seier Agnetha Remøy (t.v.) til Sunnmørsposten. Her fotografert saman med venninna Amalie Tarberg som har reist heim til Norge.  Foto: Privat

Nyheter

Agnetha Hjelmeseth Remøy (25), til vanleg busett i Ålesund, skulle for lengst ha vore tilbake frå ferien i Tyrkia. I to veker har ho vorte nekta utreise. Årsaka er ei trafikkulykke med leigebil.