Strid mellom hestemiljøet og motorsport i Haram:

– Eg syns det er to flotte idrettar, men dei går berre ikkje saman

NAF Motorsport Ålesund vil bruke nabotomta til Sunnmøre travlag til ATV-køyring. Travlaget meiner dette går utover hestevelferd og tryggleik. Partane klarte ikkje å verte einige og no er saka sendt vidare til Fylkesmannen for klagebehandling.

Hest: Nils Nedrevold og Oddmund Urke (bakgrunnen) meiner det blir umogeleg for hestesporten å ha ei motorsportbane som nærmaste nabo. Her har Nedrevoll henta ut hesten Il Trolla og to månader gamle Haug Mira til ære for Sunnmørspostens fotograf.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

Leiar i Sunnmøre travlag, Nils Nedrevold og leiar i Nordre Sunnmøre Fjordhestlag, Oddmund Urke møter Sunnmørsposten ved travbana på Vatne. Bana er den einaste 1000 meters-travbana mellom Trondheim og Bergen og er bygd utelukkande på dugnad gjennom ein 8-10-årsperiode.