Ny ferjekai:

Skal gjere grunnundersøkingar i Solavågen

Den nye ferjekaien i Solavågen skal byggast lenger aust enn planlagt. Difor vert det gjort nye grunnundersøkingar ved ferjekaien.

Solavågen: På denne sida av Solavågen ferjekai skal det gjerast grunnundersøkingar i forkant av bygging av ny ferjekai.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Frå 30. juli startar Norconsult etter planen sitt arbeid med å gjere grunnundersøkingar ved Solavågen ferjekai i Sula på oppdrag frå Statens vegvesen.