Såg bilane køyre rett mot raset

Aud Nilsen Ramsvik frå Sjøholt vart vitne til raset mot Jølstravatnet og såg at to bilar køyre mot raset. Den eine klarte å rygge og kom seg unna. – Då den eine bilen ikkje kom ut på andre sida, skjønte eg at han hadde køyrd inn i raset. Det var veldig ekkelt.

Såg raset: Aud Nilsen Ramsvik frå Sjøholt såg at det begynte å rase mot Jøstravatnet medan to bilar var på veg inn. Den eine bilen klarte å rygge ut, medan den andre køyrde inn og blei tatt av raset.   Foto: Aud Nilsen Ramsvik

Nyheter

Ramsvik, som bur på Sjøholt, var på besøk hos far sin som bur ved Ålhus, rett ovanfor Jølstravatnet, og opplevde dramatikken i Jølster på nært hald tysdag kveld.