Havsulane byggjer reir av plast og fiskegarn

Nytt sjokkbilde av fuglefjellet: Erna fekk sjå problema på nært hald

Fredag kom Erna Solberg til Runde miljøsenter med gode nyheteir i ermet. Like etter fekk statsministeren og journalistane frå nasjonalpressa på nært hald sjå behovet for tiltak mot plast og forsøpling i havet.

En død havsule henger i fiskegarn av plast på fuglefjellet på Runde. Statsminister Erna Solberg så denne fuglen fra båten på en tur rundt øya.   Foto: Heiko Junge

Nyheter

Det har lenge vore eit kjent problem på fuglefjellet at havsulene byggjer reir av plast og gamle fiskegarn. Fredag fekk Solberg sjå problemet på nært hald, så ho fekk omvisning i båt, og fekk sjå ein havsule som hadde hengt seg fast, og hang der død i fjellet.


Havsulene bygger reir av plast og søppel fra havet:

– En grufull påminnelse

Naturfotograf Roger Brendhagen fikk hakeslepp da han så hvor mye plast og annen søppel som fins i reirene til havsulene på Runde. – Det er en grufull påminnelse om menneskets påvirkning i naturen, sier ornitolog Alv Ottar Folkestad.


Før båtturen ut til fuglefjellet kunngjorde statsminister Erna Solberg at regjeringa vil løyve 50 millionar kroner meir i neste års budsjett til prosjekt for berekraftig bruk av hav. Pengane skal gå til internasjonale bistandsprosjekt.

– Plast i havet er den største trusselen mot vår ambisjon om at det er havet vi skal leve av i framtida, sa Solberg.

– Plast i seg sjølv har mange gode eigenskapar, problemet er all plasten som hamnar i havet, og som fisk og fuglar får i seg. Dette er ei viktig sak som regjeringa jobbar for på mange nivå. Eit stort gjennombrot gjorde vi i Bern, seier Solberg. Då fekk Norge medhald i at plast skal gå under farleg avfall, slik at den internasjonale handelen med plast skjerpast.


50 millioner til bærekraftig bruk av hav

Erna Solberg hadde med seg nyheter om økte bevilgninger til regjeringens satsing på bærekraftig til bruk av hav. Men den beste nyheten for livet i havet var det Nils-Roar Hareide ved Runde miljøsenter som kom med. 


Trist endring

Statsminister Erna Solberg ser opp mot det majestetiske fuglefjellet på Runde. Mange av fuglene har bygd reir av plast.   Foto: Heiko Junge

Sunnmørsposten, og eit følge journalistar blei med statsministeren på båttur ut til fuglefjellet. Her har statsministeren vore før.

– Det er annleis å sjå frå denne vinkelen, seier Erna. Som var her med sin mann i 1990, eit ungt nyforelska par på telttur for første – og siste gong, fortel ho. For sjølv med sin speidarbakgrunn, må ho innrømme at seng er betre enn å ligge på bakken, spesielt på Vestlandet kor det aldri er heilt flatt.

Lundefuglen er ferdig med hekkesesongen for i år, men havsulen held stand. Etter kvart som statsministeren kjem nærmare fjellet, kjem det tydelegare og tydelegare fram grøne garn og plastbitar i reira som klamrar seg til fjellsida. Slik var det ikkje sist Solberg var her:

– Då såg vi ikkje noko av alle desse taua og plasten som vi ser no, seier ho.

Etter kvart som ein kjem nærmare, ser ein mange små restar av plast og fiskegarn i fugjefjellet.  Foto: Sofie Svanes Flem

Nils-Roar Hareide, dagleg leiar ved Runde miljøsenter, kan fortelje at ein begynte å sjå fenomenet allereie på 80-talet. Men dei siste åra har problemet berre blitt tydelegare og tydelegare.

– Det meste kjem frå fiskeri, garn som fiskebåtar har mista eller kasta ut, seier Hareide.

– Det er tusenvis, eller millionvis, av småbitar med søppel og plast i havet, seier han.

Sjokkbilde

Med eitt får ein person i statsministerens følgje auge på eit grufullt syn i fuglefjellet. Ei havsule som heng kvelt i eit fiskegarn. Sjokkbildet vert omtalt av VG og NTB.

– Dette bildet er så grotesk og ufatteleg trist og viser at vi må handle no! Verda kan ikkje akseptere at fuglar utsettast for slikt. Vi må rydde opp. Hele verda må vere med, seier Solberg til VG om bildet.

Samstundes påpeikar ho at sjølv om dette er den synlegaste konsekvensen av forureininga, er den største konsekvensen all plasten fisk og fugl får i seg, som hindrar opptak av normal mat og fordøying.


Fuglefjellet fylles opp av plast og gamle fiskegarn

Fuglene bygger reir av plast fra havet og utsetter seg for livsfare.