Nedbrytbare garn vil minske «spøkelsesfiske»

Kvar dag året rundt sett verdifull fisk seg fast i tapte garn og dør langsamt. Biologisk nedbrytbare garn, utvikla av norske forskarar, kan vere løysinga.

Forskar: Sintef-forskar Eduardo Grimaldo held her opp ein prototype under konferansen Nor-Fish. Det var i 2016, og garna er forbetra sida då. No skal dei forske vidare på dei økonomiske fordelane ved at mindre fisk vert tatt av «spøkelsesgarn»  Foto: Svein Aam

Nyheter

Ifølge Miljødirektoratet mistar den norske fiskeflåta 13.000 garn kvart einaste år. Desse garna verte ståande å fange, pine og drepe fisk – i opptil fleire tiår.