Raja: – Norge har straum så det tyt ut av øyra

Venstre vil gjere det dei kan for å stoppe vindkraftplanane på Haramsøya.

Ikkje vindkraft: Venstre vil ha minst mogleg vindkraft på land, seier Pål Farstad (t.h.) og andre nestleiar Abid Raja (t.v.). I Molde inviterte dei vindkraftmotstandar Knut Hallvard Ulla til eit møte.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Tysdag var Pål Farstad (V) og partiet sin andre nestleiar, Abid Raja, innom Molde. Første post på programmet var eit møte med vindkraftmotstandar Knut Hallvard Ulla. Raja og Farstad er imot det meste av vindkraft på land. Dei vil også forsøke å stoppe vindkraftplanane på Haramsøya.