Fire beslaglagde førarkort på to kontrollar

Etter fartskontroll i Ulstein og trafikkontroll på Herøy fekk fire førarar sertifikata sine beslaglagde.
Nyheter

Etter ein fartskontroll på Garnes i Ulstein, fekk to personar førarkortet sitt beslaglagt. Dei vart målt til 88 km/t og 90 km/t i 60-sona på fv61.

I tillegg fekk ti førarar forenkla førelegg i kontrollen, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

UP heldt også trafikkontroll ved Nautøya på Herøy, med det resultat at ein førar vert meldt for promillekøyring og fekk førarkortet beslaglagt. To førarar fekk forenkla førelegg for høg fart. Ein av dei fekk førarkortet sitt beslaglagt grunna for mange prikkar.

Den høgste farten på Herøy vart målt til 100 km/t i 80-sona.