Stranda:

Bil hamna i grøfta

Nyheter

Politiet rykka torsdag morgon ut etter melding om ein bil som hadde køyrd i grøfta eit lite stykke utanfor Stranda sentrum i retning Hellesylt.

Det opplyser Møre og Romsdal politidistrikt i ei Twittermelding like før klokka 08.50 torsdag morgon.

Det skal ikkje vere meldt om personskadar i samband med hendinga og politiet er på staden. Det var to personar i bilen.

Klokka 09.30 melder politiet at dei avsluttar på staden og at førar fekk førarkortet beslaglagt.

Tagger:
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter