Lyser ut direktørstillinga snart

I midten av august lyser Helse Møre og Romsdal ut stillinga som adm.dir.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Dermed er det mest sannsynleg at konstituert adm.dir. Nils Kvernmo blir verande til årsskiftet.

– Vi ønskjer å tilsette ny direktør så raskt som mogleg. Tidspunkt vil vere avhengig av kvalitet på dei som søkjer stillinga, skriv styreleiar Ingve Theodorsen i ein SMS til Sunnmørsposten.

I ei skisse lagt fram for styret i mai var det foreslått å bruke sommaren til å finne ny direktør. Tidsplanen er seinare revidert.

– Vi ønskte ikkje å køyre ein prosess med utlysing og eventuelt intervju midt i ferieperioden, skriv Theodorsen.

Sist gong stillinga var utlyst, då Astrid Eidsvik trekte seg, fekk Helse Møre og Romsdal totalt seks søkjarar. Den gong gjekk det seks månader før Espen Remme var utpeika, og ytterlegare tre månader før han tiltredde stillinga.

Nils Kvernmo vart konstituert i slutten av april. Dersom det også denne gongen tar ni månader, er vi i slutten av januar.

Kvernmo (65) er direktør for eigarstyring i Helse Midt-Norge, og har tidlegare vore adm.dir. for St. Olavs hospital.


Styret tvang igjennom nedskjeringar

Enkelte i Helse Møre og Romsdal har det meir travelt enn andre, svarte tilsett-representant Anette Lekve i HMR-styret og la fram eit alternativt forslag.



Ålesund sjukehus har likevel plass til PET-skanning

Fredag kommer en rapport om PET-skanning ved Ålesund sjukehus. Lederen av utvalget sier han er gledelig overraska over det de har funnet.



Helse Midt tar kontroll over Helse Møre og Romsdal

Milliardplanene for Ålesund sjukehus er i fare: Ny intensivavdeling, utvida akuttmottak og investeringer i PET-skanning og PCI kan være helt i det blå.



I dag behandlar styret i Helse Møre og Romsdal langtidsbudsjettet for 2020–30:

– Ein test på om Sunnmøre er med i planane

Ei PCI-avdeling i Ålesund vil smerte ved St. Olavs hospital, trur tidlegare sjukehuslege Ove Økland.