– Det blir ikkje strekningsmåling i Ålesundtunnelane

Øyvind Fosse i Giske Frp er sikker i si sak.

Ålesundstunnelene og Godøytunnelen er ferdig utbedret Skilt som varsler strekningsmåling ved innkjøringa til Ellingsøytunnelen på Kverve på Ellingsøya fart strekningsmåling  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Fredag morgon var samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) på Valderøya. Då vart det klart at Dale ikkje vil ha snittmåling av farta i Ålesundtunnelane. Det fortel Øyvind Fosse i Giske Frp til Sunnmørsposten.

Også andre i Giske Frp har gått ut på Facebook og fortalt at streknings-ATK i Ålesundtunnelane blir stoppa.

Etter at tunnelane var ferdig renovert i vår, har det stått skilt som varslar at det kjem strekningsmåling. Utstyret har i mellomtida blitt testa ut, ifølgje Vegvesenet.

– For det første er tunnelane no oppgradert med skiltstyring, slik at det er mogleg å unngå stans i trafikken ved mindre hendingar, argumenterer Fosse.

– Det er også av omsyn til tungtrafikken. Med personbilar framfor seg må tungbilar gjerne bremse nedover, noko som i verste fall kan føre til varmgang i bremsene, seier Fosse vidare.

Argumenta er spelt inn til ministeren i eit brev. I brevet viser dei til andre bratte tunnelar som Oslofjordtunnelen og alvorlege hendingar som har vore der.


Dette er ulukkene i Ålesundtunnelane

Det har vore åtte ulukker med alvorleg personskade eller død i Ålesundtunnelane.


Dale: – Har ikkje tatt endeleg stilling

I vår gjekk Dale ut og sa at han vurderer å ikkje innføre snittmålingar på nye vegstrekningar. No skal visstnok dette også skje på ei etablert vegstrekning.

I dag har Sunnmørsposten snakka med Jon Georg Dale i Volda. Her understrekar Dale at han ikkje har tatt endeleg stilling i enkeltsaker. Han viser også til at kriteria for automatisk strekningskontroll skal reviderast innan 1. november. Fram til då skal det ikkje etablerast nye strekningar med snittfart, heller ikkje der arbeidet er igangsett.

Fosse i Giske Frp seier til Sunnmørsposten at dei likevel er sikre på at det ikkje blir streknings-ATK etter 1. november.

Flybensin

Brannsikkerheit i Ålesundtunnelane er uansett eit sentralt tema både for samferdselsministeren og Vegvesenet. Vegvesenet har tidlegare vist til Oslofjordtunnelen, som er sju km lang, 134 meter djup og har sju prosent stigning.

Til samanlikning har Ålesundtunnelane opptil 8,5 prosent stigning, og er til saman 7,5 km lange og rundt 140 meter djupe. Her er det også betydeleg med transport av flybensin.


Vurderer bru som tillegg til Ålesundstunnelene

Statens vegvesen skal gjennomføre ei konseptvalgutredning (KVU) for riksveg 658 Ålesund-Vigra. Blant det som vurderes er bru på ei eller begge fjordkryssingene.


Vil ha fartsboks i korketrekkaren

Samtidig meiner Giske Frp at det kanskje bør kome minst éin ordinær fotoboks i tunnelane.

– Vi tenker på opp spiralen i Ellingsøytunnelen. Her er vi ikkje framand for at det blir gjort noko, seier Fosse til Sunnmørsposten.


Skal kutte strekningsmålingar: – Heilt bak mål

– Eg går gjerne imot eiga regjering på dette, seier Iver Nordseth.