28 nasjonar på Stranda

Nyheter

389 løparar frå 28 nasjonar er påmelde til Stranda Fjord Race laurdag, eit fjelløp som går i spektakulær natur og kan by på to distansar; 25 og 48 km. Målgong er på torget på Stranda.

I fylgje eqtiming.no tek 245 deltakarar fatt på distansen over 25 km, medan 144 er påmeldt til den lengste distansen som er ny av året.

– Det synest vi er skikkeleg stas, skriv Oscar Almgren på vegner av arrangøren om deltakinga. Den høge påmeldingsavgifta har tydelegvis ikkje skremt dei påmelde frå å ta fatt på fjelløpet.

Det er femte gong at Stranda Fjord Trail Race vert arrangert. I fjor vann Ola Hovdenakk frå Romsdal Randoneklubb den lengste distansen, føre klubbkollega Sebastin Krogvig. Beste sunnmøring vart Lars Åkernes Rimereit, Eidsdal IL, som vart nr. 3 totalt.